Til forsiden

 

 


Meld deg på
Oppdateringsfabrikken leverer publiseringsløsning

Cinemateket USF torsdag 9. september 2010 kl. 18:00
Cinemateket USF søndag 12. september 2010 kl. 21:00

Kjærleiken bylgjer inn over Pearl Harbor
HERFRA TIL EVIGHETEN
Fred Zinnemann, USA 1953

From Here to Eternity. Regi: Fred Zinnemann, USA, 1953. Manus: Daniel Taradash, etter ein roman av James Jones. Foto: Burnett Guffey. Musikk: George Duning. Medv: Burt Lancaster, Montgomery Cliff, Deborah Kerr, Donna Reed, Frank Sinatra m.fl. Engelsk tale, uteksta. DCP, s/kv, 1 t 58 min.

Herfra til evigheten
Kvelden senker seg over Hawaii. Ein mann og ei kvinne, ruslande åleine på stranda. Dei kan ikkje motstå einannan lenger, kastar seg inn i eit heitt famntak. Det svimlar for dei, det er uråd å halde seg oppreist. Tett omslynga blir dei liggjande der på stranda, uaffiserte av at bylgjene etter kvart skyl inn over dei. Det einaste dei kan bry seg om er kvarandre.

Denne kjærleiksscena mellom Burt Lancaster og Deborah Kerr er definitivt ei av dei mest vidgjetne som nokon gong er festa til filmrullar, og filmplakaten med dette motivet er like så velkjent. Sjølv om ein aldri har sett filmen så veit alle at akkurat det biletet er henta frå Herfra til evigheten.

Handlinga i Herfra til evigheten er lagt til kvelden angrepet på Pearl Harbour fann stad, men han dreier seg i mindre grad om andre verdskrigen enn det å gjeve ein diagnose av eit samfunn i endring. Det breie persongalleriet blir gjeve sjansen til å utvikle seg frå typiske pappfigurar til levande menneske. Styrken til filmen er evna den har til å ta på alvor mange ulike personlege historier i ein og same film og la dei omhandle kvar sine etiske problem på komplekst vis.

Filmen vant til saman åtte Oscar, inkludert beste film 1953.

red.