|
PAUL VERHOEVEN - sex og vald frå Nederland
"I like controversy, it has always been inspiring to me...to say "Fuck it, if nobody thinks I am going to shoot it, I'll shoot it!" - Paul Verhoeven
Mange vil sikker stusse over at regissøren Paul Verhoeven blir tildelt sin eigen serie ved Cinemateket USF, ein institusjon som fremjar kvalitetsfilm. For det er mannen bak filmar som Starship Troopers (1998), Showgirls (1995), Basic Instinct (1992), Robocop (1987) og Total Recall (1990) det her er snakk om. Filmar som etter mange si oppfatning har nokon av dei mest hyperkommersielt spekulative valds- og sexscenene som har vorte produsert av Hollywood. Rett og slett trash retta mot eit sensasjonshungrig, lettlurt publikum.
Grev ein imidlertid i fortida finn ein gjerne stoff som rokkar ved ei og anna etablert sanning. Det er ei slik fortid som blir avdekt i vår serie, me viser verka som på syttitalet etablerte Paul Verhoeven som den mest suksessrike nederlandske regissøren gjennom tidene, og som la grunnlaget for at Hollywood seinare snappa opp ikkje berre Verhoeven sjølv, men også kjernen i staben hans, mest kjente blant desse fotograf Jan de Bont, regissør av Speed (1994) og Twister (1996), og skodespelaren Rutger Hauer, tidenes replikant-ikon etter rolla si i Blade Runner (1982, Cin h-03).
Av dei fire filmane me viser vart Turks fruit i 1999 heidra i heimlandet som hundreårets beste nederlandske film. Filmen vart ein sensasjon då den kom ut i 1972; godt motteke både hjå publikum og kritikarar trass bruk av sterke verkemiddel. Det påfølgjande året vart den nominert til Oscar for beste utanlandske film. Krigseposet Soldaat van Oranje styrka det internasjonale ryet til Verhoeven og vann Golden Globe prisen for beste utanlandske film.
Alt er tvetydig Spelefilmane til Verhoeven var frå første stund kontroversielle; fulle av rå energi, vulgær humor og typiske sjokkeffektar sentrert rundt sex og vald. Samtidig var heile produksjonen så profesjonell at den langt overgjekk den gjengse standarden i Nederland på den tida. Dermed vart dei både fråstøytande, underhaldande og tiltalande på same tid; alle glatte, sleazy og fargesprakande filmar.
"I try to take these elements out of life that i have detested or admired and put them in a movie, be it violence or sex. I think there is no "why". It's just the way I am, and it comes from the inside. It's something I just do."
Ut frå dette sitatet kan ein gjerne få inntrykk av at Verhoeven er ein villmann som bruker filmane sine til å få utlaup for perverterte lyster og fantasiar. Kan hende er ikkje dette så alt for langt frå sanninga, men det tyder ikkje at filmane ikkje er gjennomtenkte og gjennomarbeida av den grunn. Snarare tvert om: sjokkeffektane har sin funksjon, dei er integrerte delar av heilskaplege uttrykk. For Verhoeven viser fram filmatiske univers utan at desse er hemma av moralsk konformitet. Han har uttalt at dess raskare me er til å innrømme vår ibuande hang til vondskap, dess mindre tilbøyelege er me til å øydeleggje einannan. Mennesket har det vonde i seg, det er ikkje utan grunn at me elskar å sjå vald og grufullheiter på film. Hadde ein plassert eit menneske i ein mørk kinosal og vist han to timar med lykke ville han enten ha forlate lokalet eller sovna.
Ein kan vere samd i Verhoeven sitt dystre menneskesyn eller ikkje, dei beste filmane hans makter like fullt på utsøkt vis å syne fram kompleksiteten og dei glidande overgangane mellom motpolar som godt/vondt, rett/galt, moralsk/umoralsk. I Verhoeven sine filmar finns ingen enkle moralske løysingar. Dei har nesten alltid ei sterk tvetydigheit ved seg, og ikkje berre moralfilosofisk. Narrasjonane er ofte kompliserte og med uklåre skiljelinjer mellom røyndom og draum, mellom sjangerleik og gravalvor.
Filmane til Verhoeven syner alltid menneske som saknar noko, enten dette er minne, kjærleik, lidenskap eller fullkommenskap. Dei blir drive ut i ei intens jakt etter dette som manglar. Denne jakta fører dei ut over dei konvensjonar, reglar og lover som samfunnet rundt dei har fastsett som rette. Desse overskridingane dreg oss med over i eit limboland, perfekt for eksistensielle problemstillingar.
Ein kort biografi Paul Verhoeven vart født i Amsterdam 18. juli 1938. Barneåra opplevde han i eit heimland under tysk okkupasjon. Verhoeven peikar sjølv på ein del opplevingar frå denne tida som har vore avgjerande for hans splitta menneskesyn og evne til å sjå det vakre i det destruktive, tema han stadig vender attende til i filmane sine: Eitt av minna er av dei døde allierte pilotane som barna fann nedskotne på åkrane. Eit anna er av propagandafilmane dei vart fora med. Eit tredje dei tyske soldatane som paraderte i gatene. Eit fjerde minne er freden, som brått kom og snudde opp ned på det vante tilværet og vedtekne sanningar.
Paul Verhoeven si karriere som filmskapar byrja forholdsvis seint. Først hadde han rukke å skaffe seg ei doktorgrad i matematikk og fysikk frå det prestisjetunge Universitetet i Leiden. Dernest slutta han seg til Marinen. Det var her filminteressa dreia seg i profesjonell lei gjennom produksjon av dokumentar- og kortfilmar for militæret. I 1969 flytta han seg over i TV-bransjen, der han regisserte den populære TV-serien "Floris" og starta samarbeidet med sin faste medskribent Gerhard Soeteman og den til då totalt ukjende skodespelaren Rutger Hauer. Møtet med produsenten Rob Houwer og kameramannen Jan de Bont førte han over i spelefilmens verden, hans første spelefilm vart den burleske prostitusjonskomedien Wat zien ik? Alt året etter kom det store gjennombrotet med Turks fruit, eit slags nederlandsk svar på Siste Tango i Paris (1972, Cin h-01). Skodespelaren Monique van de Ven kom til, og no var staben som kom til å herje nederlandsk filmbransje det neste tiåret komplett. Gjennom dei påfølgjande filmane forma Monique van de Ven arketypen for den farlige og forføreriske kvinna som går igjen i så mange av Verhoeven sine seinare filmar og som har fått mange til å avfeie Verhoeven som kvinnehatar.
Sjølv om det var ei gruppe som jobba saman i desse filmane, er det likevel mest interessant å bruke namnet Verhoeven på serien, då ein kan dra ei tydeleg linje til dei seinare Hollywoodproduksjonane hans. Og med Verhoeven sine nederlandske filmar innabords er det også mykje lettare å forstå hans amerikanske filmar, filmar ein finn i kvar ei videosjappe med respekt for seg sjølv og sine action- og thrillerhungrige kundar.
Misforstått i Hollywood Så kva skjedde med den kritikkarroste Verhoeven då han reiste til USA for å lage film? Svaret er at han i det store og heile fortsette med å lage den typen filmar han alltid hadde laga, berre at han faktisk modererte dei spekulative elementa ein smule. Problemet var berre at Verhoeven lagde filmane sine i sjangrar der ein minst av alt venter å finne sofistikert kunst, og dermed vart filmane hans oversett. Det er imidlertid ei klar linje frå dei europeiske meisterverka hans til dei mindre akta amerikanske sjangerstykka.
Den negative oppfatninga av Verhoeven sine USA-produserte filmar er heldigvis i ferd med å snu. I laupet av dei siste åra har ei aukande mengd filmkritikarar fått augo opp for kompleksiteten i desse sjangerproduksjonane. Dei beste av desse filmane har kvalitetar ved seg som gjer at dei kunstnarisk går langt utpå det meste av det som blir laga i draumefabrikken. Sjølv hevdar Verhoeven seg kraftig inspirert av utøvarar av andre kunstformer enn filmen, som til dømes målaren Karel Appel og komponisten Erik Satie, eller kunstretninga dadaismen: "It has always been my pleasure to work in the B-genre and elevate that, use it as a vehicle for other thoughts. It's a normal thing in art, to use the 'mediocre' and the 'banal' to make a statement. That kind of sophistication is normal in a lot of arts, only in film-making it isn't, because of the high entertainment value, where everything has to be immediately understood. It's rare, and if you see that, this method of hyperbole and irony and alienation, it's very difficult for the audiences and even for the film critics to see through that".
Nokre skjøna imidlertid teikninga. I det prestisjetunge kunstmagasinet "Artforum" si oppsummering av 1998 hadde ein av journalistane med den fascisme-skulda Starship Troopers på si ti-på-topp-liste over kunstnariske bragder for året, med det argumentet at Verhoeven hadde skapt ein heilt ny type film. Den merkverdige forma for satirisk stemning som Verhoeven etablerte i Soldaat van Oranje blir i denne sci-fi-actionfilmen på mange måtar fullendt.
Verhoeven utforma ein film utelukkande besett av eindimensjonale og usympatiske, fascistiske heltar. Resultatet vart nærast ein fascistisk propagandafilm som på utspekulert vis undergrev sin eigne eksplisitte ideologi og som viser fram urovekkande mentale imperialistiske tendensar på ein særs kraftfull og fascinerande måte. Under arbeidet med filmen fall følgjande sannspådde kommentar frå ein stabsmedarbeidar: "Paul, this is once in a lifetime. Never again will you be able to spend $100 millon on an art film."
For filmen var langt unna å bli den blockbusteren som filmselskapet hadde vona. Med Hollow Man (2000) var det slutt på den ambisiøse sjangereksperimenteringa, men då heller ikkje denne slo an var Hollywood-eventyret over for Verhoeven. No ser det ut til at han vender attende til heimlandet Nederland for igjen å arbeide saman med Gerard Soeteman, mannen som var medforfattar på alle Verhoeven sine nederlandske prosjekt. Ringen er i ferd med å slutte seg.
Øystein St. Larsen
|