Til forsiden

 

 


Meld deg på
Oppdateringsfabrikken leverer publiseringsløsning

Komedie fra Amsterdams Red light district
WAT ZIEN IK
Paul Verhoeven, Nederland 1971

Wat zien ik?. Regi: Paul Verhoeven, Nederland, 1971. Manus: Gerard Soeteman, etter noveller av Albert Mol. Foto: Jan de Bont. Musikk: Julius Steffaro. Medv: Ronnie Bierman, Sylvia de Leur, Albert Mol, Jules Hamel, Jan Verhoeven m.fl. Nederlandsk tale, engelske undertekstar. 35 mm, fargar, 1 t 30 min.

Wat zien ik?
Wat zien ik? ("Kva ser eg?") er Paul Verhoeven sin første spelefilm. Den er ein farse laust basert på Albert Mols populære rekke av noveller om livet til to gateprostituerte i Amsterdam. Handlinga finn stad i det vidgjetne Red light district, der Greet og veninna hennar Nel skjøttar yrket sitt. For klientellet sitt oppfyller dei ei rekkje bisarre fetisjar, som å kle seg ut som hanar, bli dominert som hushjelper eller bli utsette for liksom-legeundersøkingar. Begge er i ferd med å gå lei heile geskjeften, særskild Nel, som også har fått nok av kjærasten sin som rutinemessig bankar ho opp då ho ikkje klarer å skaffe han nok hallikpengar til at han fullt ut kan konsentrere seg om fiskehobbyen sin.

Filmen er eit merkverdig innblikk i situasjonar som oppstår i prostitusjonsverda. Dei fleste av sekvensane er basert på faktiske opplysningar, dog frå ei rekkje ulike kjelder. Her blir alt samla på eit brett, der den eine oppsiktsvekkjande fetisjen slår den neste i hel. Alvoret blir handsama med humor, der det absurde i ønska til kundane blir stilt til skode, medan det for veninneparet i filmen berre blir endå ein dag på jobben. Desse eskapadane fungerer som artige avbrekk gjennom filmen, men hovudfokuset er på tilhøvet dei to kvinnene i mellom, om Nels behov for å flykte frå halliken sin, og for Greet sine ulike tankar rundt Nel si von om eit nytt liv.

Langfilmdebuten til Verhoeven er svært stilisert, der den refererer til alt i frå B-westerns til Eisensteins Ivan den grusomme (1946). Alle tilløp til alvor blir tona ned med ulike humoristiske vriar. Handlinga er søt og uforutsjåbar. Dei fleste karakterane, særskild kundane, er vanvittige karikaturar, medan dei to hovudpersonane blir behandla med både varme og innsikt.

Trass i at filmen i overflata inneheld alle dei typiske varemerka til Verhoeven; den er både valdeleg, morosam og viser fram rikeleg med nakenheit, er den likevel ganske så atypisk for hans seinare arbeider i og med den lette, komiske tonen. Det er den einaste reine komedien til Verhoeven det her er snakk om, og den kyniske tonen så karakteristisk for alle hans seinare filmar er her nærast fråverande.