Til forsiden

 

 


Meld deg på
Oppdateringsfabrikken leverer publiseringsløsning

Tidenes beste nederlandske film
TURKS FRUIT
Paul Verhoeven, Nederland 1972

Turks fruit. Regi: Paul Verhoeven, Nederland, 1972. Manus: Gerard Soeteman, etter en roman av Jan Wolkers. Foto: Jan de Bont. Musikk: Rogier van Otterloo. Medv: Rutger Hauer, Monique van de Ven, Tonny Huurdeman, Wim van den Brink, Hans Boskamp m.fl. Nederlandsk tale, engelske undertekstar. 35 mm, fargar, 1 t 44 min.

Turks fruit
Kunstnaren Erik Vonk lever eit utsvevande liv i total opposisjon til alle borgarlege sosiale normer. Han tar for seg av livets goder med rovdyraktig appetitt. Han følgjer ingen andre reglar enn dei han lager sjølv. Sexappetitten er stor, men etter å ha skaffa seg ein suvenir frå kvar kvinne han ligg med, gjerne i form av ei handfull kjønnshår, skuflar han dei raskast mogleg ut av senga og livet sitt. Dette heilt til han haikande blir plukka opp av den like glupske Olga. Dei finn umiddelbart tonen, og i laupet av dei første minutta i bilen rekk dei å få tilfredstilt den umiddelbare sexlysta. Erik klarer dernest å setje fast kuken sin i smekken og Olga reddar dagen ved å låne ei knipetang av eit måpande eldre ektepar. Dernest spinn dei ut på vegen igjen, og like raskt av den igjen i det som endar i eit formidabelt krasj. Begge kjem frå ulykka utan skader, men mora til Olga liker lite at dottera har fatta interesse for den uforskamma bohemskulptøren, og gjer det beste ho kan for å halde dei frå einannan. Besette som Erik og Olga er av kvarandre blir freistnaden på åtskiljing umogleg i lengda, og så snart dei treff einannan igjen bestemmer dei seg for å gifte seg. Men treet veks ikkje inn i himmelen i ein kvardag av seksuell besetting, sjølvdestruktive tendensar og uforutsette tragiske vendingar.

Turks fruit er basert på ein sjølvbiografi av kunstnaren Jan Wolkers. Filmen vart skoten med håndholdt kamera, halvegs improvisert og utan øvingar. Turks fruit tener på dette då den klarer å ta vare på spontaniteten skodespelarane imellom, og den noko lause strukturen står godt til filmens laissez faire univers. Før filmen var ferdigstilt tvilte mange kritikarar sterkt på at Rutger Hauer kunne opptre ekkelt og usympatisk nok til å fylle rollefiguren. I dag er det nettopp slike rollefigurar ein assosierer med Hauer, og etter å ha sett han som ung jævel i Turks fruit verkar det svært merkverdig at nokon kunne tvile på Hauer i rolla. Sjølv har han også sagt at av alle karakterane han har spelt er rolla som den sjølvopptekne kunstnarbohemen Erik Vonk den som ligg nærast sin eigen personlegdom. Motspelaren Monique van der Ven leverer ein like strålande prestasjon som Hauer. Castinga er ikkje mindre enn slåande perfekt.

Filmen er full av humoristiske sekvensar som bevisst er laga for å sjokkere, som til dømes hunden som lepjar i seg vatnet frå ei gravid kvinne etter at vatnet har gått og Erik Vonk som medvite kaster opp over gjestane i middagsselskapet. Mindre lystige er dei stadig tilbakevendande sekvensane der det blir fokusert på rotning, forfall og kjødets forgjengeligheit.

Filmen kan karakteriserast som ein krysning mellom Betty Blue (1986,) og Wild at Heart (1990, Cin v-01). Den vonde mora er som snytt ut av sistnemnte film, ei rekkje likskapar er så påfallande at det verkar besynderleg om David Lynch ikkje har latt seg inspirere av Turks fruit. I all si melodramatiske prakt skaper Verhoeven ei frika kjærleikshistorie som både er frisk, truverdig og rørande.

Filmen vart i 1999 kåra til den beste nederlandske filmen nokon gong, og den er også ein av dei mest populære.