Til forsiden

 

 


Meld deg på
Oppdateringsfabrikken leverer publiseringsløsning

Helteepos, actioneventyr og krigsrefleksjon
SOLDAAT VAN ORANJE
Paul Verhoeven, Nederland 1977

Soldaat van Oranje. Regi: Paul Verhoeven, Nederland, 1977. Manus: Gerard Soeteman, etter en roman av Erik Hazelhoff Roelfzema. Foto: Jan de Bont. Musikk: Rogier van Otterloo. Medv: Rutger Hauer, Jeroen Krabbe, Peter Faber, Derek de Lint, Eddy Habbema m.fl. Nederlandsk tale, engelske undertekstar. 35 mm, fargar, 2 t 45 min.

Soldaat van Oranje
Rutger Hauer spelar hovudrolla som den aristokratiske hollandske studenten Erik Lanshof. Han er del av ein vennegjeng som i liten grad bryr seg om politikk. Når nazistane invaderer Holland vert gruppa uunngåeleg dratt inn i konflikten. Av personane i gruppa sluttar Alex seg til den tyske hæren medan Gus blir ein av motstandsleiarane for heimlandet. Sistnemnte flukter etter kvart til England i lag med Erik, der dei får nøkkelroller i ei mykje større undergrunnsrørsle som arbeider for å få gjeva dronning Wilhelmina tilbake den nederlandske trona.

Filmen er basert på sjølvbiografien til den nederlandske motstandshelten Erik Hazelhoff Roelfzema. Gjennom prøvingane til dette noko klumsete, men engasjerte, og til sist heroiske individet, meistrar Verhoeven å gje eit heilskapleg og mangfaldig bilete av Den andre verdskrigen slik den fortona seg i Nederland. Som høveleg er i eit krigsepos viser han fram bombetoktene, jødeforfølgingane, dei vondskapsfulle informantane og bragdene til motstandsrørsla. Forma og malen for filmforteljinga er klassiske krigs/actioneventyr som Den store flukten (1963) og Ørneredet (1968). Den er den første actionfilmen til Verhoeven, men like fullt sprenger han rammene for sjangerforventningane. Det unike med Soldaat van Oranje er moduset den vert fortalt i: ei merkverdig form for satirisk stemning som kjem fram gjennom ei blanding av vittigheitar og kynisme. Alt synt fram gjennom fotograf Jan de Bonts lekre, glossy biletutsnitt. Samstundes som den fungerer heilt prima som pur underhaldning, viser den sjangeren fram som ufullstendig. Actioneventyret blir skrudd av og på alt etter som det passar seg, avbrote enten av vulgærhumoristiske innslag eller av alvorstunge og ettertenksame augneblink.

Filmen er også ytterst ærlig i høve til folkesetnaden i Nederland sin oppførsel under krigen og haldningar som eksisterte i nasjonen. Den viser fram dei anti-semittiske haldningane i landet, hollandske folkemengder som trykker blomar inn i hendene på nazisoldatane under inntogsmarsjen i gatene. Vidare viser den fram opptaksprøvane ved linjeforeiningane ved universitetet like før krigen bryt ut. Der maktutøvinga og audmjukinga ferskingane blir utsette for viser fram tydelege fascistiske trekk i vennegjengen som filmen følgjer. Personane vel nærast vilkårleg side i krigen og ender opp enten som heltar, skurkar eller rett og slett ignorantar. Soldaat van Oranje viser fram desse diffuse skiljelinene og reflekterer over dei utan å felle nokon dom. Det er ein film om aksept, om korleis alle, eller ingen, er heltar.